Min tur nr.21 til Haydom Lutheran Hospital, Tanzania

Eg reiste på ein 25 dagars tur til Haydom den 14.mars 2013.

På turen var eg innom mange stader på mine mange prosjekter.

Besøkte også fleire av mine kontakter og venner i Tanzania.

Det vart 413 mil i bil på mine 25 dager i Tanzania.

Friheten for meg i Tanzania er veldig viktig og nødvendig å kunna reisa kor eg vil utan å spørja nokon, men dersom folk fra Haydom-sjukehuset ringer, svarer eg kor eg er.

Eg starta denne Tanzania-turen på ein handicap-skule i byen Moshi.

Her har me guten Maiko på 13 år som går på skulen. Maiko har fått amputert begge føtene etter ei stygg ulykke med høgspentledninger som datt ned for nokre år sidan.

Haydom sin gravemaskin gjekk på eit stort vannprosjekt i Mbulu. Der grev den 1 mil med vannledningsgrøft. Her fekk eg vera med på åpninga av vannprosjektet. Det var ein stor fest.

Ellers var eg veldig imponert over kor fint avlinga på Haydomsjukehuset sine jordbruksområder stod.



Mais-solsikke-sufflower-kveitekorn og bønner, totalt 4000 mål.

Eit enormt arbeid er her utført med 7 Massey- Ferguson traktorer.

Ein Massey-Ferguson 5475, 2 år gammel, hadde problem med dieselpumpa, dyser eller styring av dieselsystemet, så den måtte eg kjøra på lastebilen 30 mil til Arusha og dieselverkstaden Bosch.

Haydom-sjukehuset ba meg om hjelp til å kjøpa 3 eller 5 nye ventilator pustemaskiner til operasjons-stovene på sjukehuset.

Dei nye maskinane som blandar luft og oksygen, koster kr. 115 000,- pr.stykk og fabrikken er i England.

Det stod elendigt til på operasjons-stovene angående maskinene.
Dei gamle pustemaskinane sit sjukepleiarane og pumper for hand medan dei blander oksygen med ein slange og tek tida med ei stoppeklokke.

Eg har lova å prøva og hjelpa sjukehuset med livsviktige maskiner og eg jobber nå hardt for å prøva og finna penger til desse maskinane.

Så får me sjå om eg lukkast med dette prosjektet.

 Ingar Kvia

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.