Min tur nr. 24 til Haydom Lutheran Hospital.
Nå vil eg med hjelp av Åse prøva å få inn nytt på heimasida mi fortløpande.
Eg reiste til Tanzania søndag morgen 1.februar.
Reiste fra minus 6 grader på Sola og landa på Kilimanjaro flyplass om kvelden og der var det 32 varmegrader. Stor kontrast. Mandag formiddag gjekk med til å besøka kjente i Arusha. Alltid gildt å treffa dei igjen. I middagstider kjørte eg ut til ein by som heiter Moshi som ligg i Vest Kilimanjaro. Det er 10 mil å kjøra fra Arusha. Her besøkte eg ein gutt som heiter Maiko og som går på Faradja Skole. Det er ein spesial-skole for handikappa barn. Maiko måtte amputera begge føttene etter ei stygg ulykke for nokre år sida med ei høgspentlinje som hadde falt ned. Nå får han hjelp fra Norge med både skole, sjukehushjelp og nytt hus. Han er kjempeglad kvar gong eg er hos han på skolen eller i heimen hans.
Tirsdag 3.feb.
Kjøpte 5 nye dekk til Toyota Landcruiseren i dag. Lasta så bilen full av varer til sjukehuset på Haydom. Nådde Haydom kl.22.00
Onsdag 4.februar.
Bestilte ny stikkesylinder til gravemaskinen fra Caterpiller i Dar es Salaam. Bestilte også nokre nye smådeler til Massey Feruson traktor. Dei bestilte eg fra Eik-senteret på Varhaug. Får dei hit ned med nokre som snart skal reisa til Tanzania. Toyota picupen må også på service. Så eg reiser nok opp til Arusha igjen på søndag og får tatt skikkelig service på den på mandagen. Det er eit godt verksted i Arusha.
Har levert ut ein heil del brev som folk sende med fra Norge til kjenninger her nede. Har fått kvittert ut penger til 3 nye hus som er under bygging. Det er også hjelp fra personer i Norge.
I kveld er eg hos min gode venn Venance moshi. Har fått herlig kveldsmat. Har det godt.
Helsing Ingar.