Ein Stor Takk til «Revy i Nitti» for att de tok meg å mitt arbeid for å jelpa Haydom Lutheran Hospital i Tanzania med i årets revy med den fine sangen «Adle kan hjelpa nogen»!
Dette var veldig øveraskande for meg å hær har dei i «Revy i Nitti» gjordt eit enormt stort arbeid. All oppmerksommhet rundt mitt innsamlingsarbeid for Haydom betyr att eg får tak i meir pengar å stadig klarer å kjøpa meir nytt å fint utstyr til Haydomsykehuset. Det var spesielt følelselada å rørande til å sitja i salen å høyra sangen verta sungen
«Så Vakkert, Så Vakkert» skreiv annmeldaren fra Stavanger Aftenblad.
Jærbladet skreiv også om revyen her.
Etter sangen vart eg ropt opp på senen av Lars Nærland for å få øverakt ein sjekk på 10 000 kr til Haydom innsamlinga.
Ingar får overrekt sjekk fra Lars Nærland. (Foto: Berit S Hårr, Jærbladet). Klikk på bildet for å forstørre det. (Det tar litt tid.)
Må bara innrømma att eg fleire kveldar var innom revyen rett etter pausen og stod rett innfor døra for å høyra den fine sangan verta sungen å det vart helst finare å finare til meir eg høyrde sangen. For nogen kan dette kansje høyrast ut som eg er sjølvopptatt som høyre ein sang om meg sjøl å mitt arbeid i Tanzania mange kveldar etter kvarandre. Men saken er den att dette er Bensin på Bålet for meg å det er slike fantastiske ting som gir meg Kreftar til å klara fortsette med mitt intensive innsamlingsarbeid for Haydomsykehuset i Tanzania som sidan starten i januar 1998 nå har runda 7,5 mill. norske kroner.
Eg er Stolt av å væra Nærbøbu å av å ha slike medarbeidarar som «Revy i Nitti». Tusen Tusen Takk skal de ha!
Helsing Ingar Kvia.
Her er sangen som ble brukt i revyen:
HYLLEST TIL INGAR KVIA
Tekst: Torhild Riis, Melodi: Knut Gundersen
Det hender me stoppar og ser oss tilbake
me lurer på kva som gir livet verdi
me kunne vel kanskje ha tenkt meir på andre
ja, brydd oss litt meir, vist litt meir empati
Og så kan me merka at nokon omkring oss
Snur tanker til praksis før dei er forbi
For vår Ingar Kvia har gjort det me andre
vil æra og hedra i full sympati
Og Ingar sitt motto det må me ta til oss
Me må alle bidra så godt som me kan
For håpet kan tennast i mørkaste tider
Det viser eksemplet i Haydoms land
Ein mann me beundrar, som bygda er stolt av
Han klarer å sno seg når ting butter mot
For i Tanzania vart han arresterte
men snakka seg fram til ei stemning så god
Og innsatsen, styrken – den er heilt utrulig
dei varmeste tanker til Ingar er sendt
Eit landbruk i Haydom har Ingar gjort mulig
Men alle kan hjelpe, start opp – ikkje vent
Og Ingar sitt motto det må me ta til oss
Me må alle bidra så godt som me kan
For håpet kan tennast i mørkaste tider
Det viser eksemplet i Haydoms land
Når sola går ned over Afrikas landskap
Og folk går til ro og lar tankane rå
Dei veit dei har evne og vilje og kunnskap
Og veien til målet blir lettere nå –
For nå kan dei merka at nokon omkring seg
Snur tanker til praksis før dei er forbi
For vår Ingar Kvia har gjort det me andre
vil æra og hedra i full sympati
Og Ingar sitt motto det må me ta til oss
Me må alle bidra så godt som me kan
For håpet kan tennast i mørkaste tider
Det viser eksemplet i Haydoms land
”Ingen kan hjelpe alle, Men alle kan hjelpe nogen”
HELSING FRÅ REVY I NITTI, mars 2009