Reisebrev fra Ingar Kvia 20. januar 2009

Team Catepillar har vore på sosial teambuildingstur denne helga. Me har kjørt 36 mil på humpete afrikanske veier, fra fredagskvelden til søndagskvelden.
 
 
Me har vore i Singida og besøkt to entrepenører som leier gravemaskinen til Haydom, og har hatt fine samtaler med dei.

På fredagskvelden feira me Kjell Pollestad sin 68 års dag, på en fortausresturant i Singida, med Coca Cola, gillet kylling og chips. Feiringa var utendørs, – godt og varmt bare i t-skjorta, -og når me då får melding heimanifrå at heime kjører snøplogane, er dette ekstra fine opplevelsar.
 

Me kjørte vidare til byen Katesh der me besøkte misjonærfamilien Marit og Leif Thingbø. Søndagen var me innom mange folk og mange hjelpe-prosjekt. Starta med Haydom sitt helsesenter i Balangda Lalu der me jobbar hardt med å få til vatn til helse senteret som ikkje har hatt vatn på to år.
 

Reiste vidare til Haydom  sitt helsessenter i Gendabi og besøkte eit hjelpeprosjekt der, – der byggefirmaet Sagabo på Bryne har hjelpt meg å bygt eit fint hus til ei svært vanskeligstilt familie.
Reiste vidare til lansdsbyen Gidagamod der dei også har store problemer med vatn. Folket her grev store hol i botnen på ein tørrlagd vanndam for å finne vatn til seg sjølv og dyra.


I denne landsbyen er det eit borehol ifrå ei tid med Canadisk hjelp. Eg er i gang å undersøkjer om det er mulighet å få i gang denne vannkjelda att, og evt. kor mykje pengar som må til.

I landsbyen Gidagamod besøkte vi og ei svært vanskeligstilt familie, der eg no jaktar intenst etter folk som kan vere med å hjelpe med pengar. Ein gutt på 8 år som heiter Maiko, kom i 2007 borti høgspentledningar som hadde falt ned. Maiko har store brannskadar på kropp og armar og har amputert begge føtene over knea.

Maiko kan få hjelp på Haydom sjukehuset til operasjonar på armane, men må til det store sjukehuset KCMC i Moshi (ca 40 mil herifrå) for å få hjelp med protesar til føtene. Det Tanzanianske elektrisitetsverket Tanesco har her eit klart erstatningsansvar, men avviser alle krav. Ein fortvila far har prøvd å få hjelp, men han er lutfattig og ingen advokat står klar til å føre ei sak for ein far som ikkje har pengar. Eg håpar derfor så inderlig at eg skal klare å hjelpe denne familien. Det er ikkje lett for meg å gå inn i ein fattig tanzaniansk heim å be mor og far om å kle av sitt brannskadde barn for at eg skal få ta dei bileta eg veit eg må ha for å klare å formidle denne fortvila situasjonen.
 

Søndagskvelden og natt til mandag vart det lite med soving. Bileta av Maiko kom heile tida fram på netthinna då eg skulle gå til ro.

Ingar Kvia.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.