Snart klar for heimreise.
Mandag 2.mars var eg i Mandela der traktorane var i ferd med å avslutta såinga av sufflower.
Var også mange plasser å sa «ha det godt» heilt fram til klokka halv 2 om natta.
Tysdag 3.mars.
Sa adjø på morgonandakten, var rundt å takka for meg for denne gong til arbeidsfolka og mange plasser på sjukehuset.
Tysdag kl.13.00 reiste eg til Arusha.
Onsdag klokka 13.00 reiste eg med fly fra Arusha til Dar es Salaam via Zanzibar.
Torsdag og fredag var eg i Dar for å helsa innom mitt store kontaktnett der.
Var innom på Scania og helsa på tanzanianarane og svenskane som arbeider der.
Var også i Dar by der tyskarane fra Strassburg lager bussvei. Har vorte godt kjende med dei , og tyskaren Daniel er min store kontaktperson her.
Halve torsdagen gjekk med til å sjå på arbeidet deira.
Fredag var eg hos svensken Lars Kansten som styrer over 200 lastebiler hos firmaet SSFT. Dei kjører drivstoff og Coca Cola.
Var også rett utanfor Dar og såg på ny vei til øya Kigombone som er under arbeid.
Fekk 2 dager i Dar es Salaam, men måtte nok hatt 5 om eg skulle fått tid til å vera innom alle plasser eg kjenner folk.
Enormt med allslags lastebiler her på vei ut og inn fra den store havna i Dar, og det er jilt å sjå på.
Reiste heim til Norge fra flyplassen i Dar kl.24.00 på fredagskvelden. 33 varmegrader i Dar.
Åse henta meg på Sola lørdag 7. mars kl.11.00. Regn og 5 grader.