Ingar har nettopp kome heim i frå tur nr. 17. til Haydomsykehuset i Tanzania. Her er referat frå turen.

Kom heim fra min tur nr. 17 til Haydomsykehuset i Tanzania søndag 27. mars. Oppdraga  var mange å aktiviteten høg også denne gonga. Jildt å væra til nytte. 

Var ca. 800 mil i bilar å lastebilar på denne turen. 
 
Gravemaskin spesialist Kjell Pollestad fra Bryne var med på fyrste halvdelen av turen. Han å Caterpillarteamet grov ut ein stor vanntank til å samle regnvann i inne på sykehustomta å fjellmassen brukte dei til å laga fine veier inne på sykehustomta.  Cat Gravemaskinen har mange oppdrag å kjører inn 600 kr. timen.

Eit stort ca 2000 kubikk steinras gjekk over å øydela vanninntaket til 20 000 mennesker oppunder hanangfjellet i Gendabe i nærheten av byen Katesj. Dette var ein stor flaum å ei stygg ulykke der 2 hus vart tatt av flaumen å ein 14 år gamal gutt omkom. Caterpillarteamet å Vannfolka på cmsc gjorde ein enorm innsats for å få åpna opp å rydda vekk stein fra vanninntaket i eit bratt å farlegt terreng . Eg var sjølv med på denne jobben så myke som eg hadde tid til å stillar meg spørsmålet om korleis me skulle fått gjordt denne jobben vist me ikkje hadde hadt Hadomgravemaskinen. Me var alle glade når me fekk vatnet tilbake i vannledningen å me var ein gjeng med folk som sat lenge oppå vanntanken den kvelden me hadde fått vatnet tilbake å kosa oss over å sjå att nå rann store mengder reindt fint vatn inn i den store vanntanken igjen.

Scanialastebilane til Haydomsykehuset har mange oppdrag . Dei er ute på redningsoppdrag på andre lastebilar som set seg fast på dei dårlege veiene. Det er bare Haydomsykehuset som har 6 hjulsdrevne Scanialastebilar – mange turar til byen Arusha 30 mil fra Haydom for å levera å henta masse varer å turar til byen Dar Es Salaam ca. 100 mil fra Haydom for å hente containarar, traktorar å andre ting. Eg var denne turen på 2 turar til Arusha å 2 turar til Dar Es Salaam med Haydomscaniane å det er bara fantastiskt å sitja med rattet sjøl å kjøra så mykje som eg bara klarer. Det er lange turar å mange timar men Team Scania er eit findt team å mange ting er enklare i Tanzania. Hær er ingen fartsperre å kjøretidsbegrensningar, ikkje fartskrivar i lastebilar i det heile tatt å det er ein fin frihetsfølelse når eg er vant med strenge kjøre å kviletidsreglar fra Norge.

Dei 7 Massey Fergusontraktorane eg har på Haydom pløyer, horvar å sår mais å kveitekorn å har også mange andre oppdrag. 888 mål mais sått i desembar å januar stod nå findt å plantene hadde fått nok regn å var høgare enn meg nå.

Eg har også mange andre prosjekter på Haydom utenom ting med motorer i å det bare baller på seg å  vert større. Mange folk skal ha tak i Ingar å eg er ikkje god nok til å sei nei. Eg vil så jerna jelpa så mange som muligt å det resulterar i att eg har så godt så ingen fridagar dei 3 månane eg er i Tanzania. Er stadig ute å ser på nye prosjekter å prosjekter som er i gang. Spesielt husbygging til vanskeligstillte familiar, vannboringsprosjekter, vannprosjekter som er i drift å skulehjelp til vanskeligstillte elevar. Bygger nå hus nr. 11 i Tanzania det er familien til gutten Maico som får hjelp til å byggja hus. Maico fekk begge føtene amputerte etter ei stygg straumulykke for ca. 3 år sidan. Maiko hjelper me også med å få gå på skole. Han går på ein spesialskole for folk som har eit handicap. Skolen ligg i nærheten av byen Moshi, 40 mil fra Haydom.

Borde 2 borehol på denne turen. Eit hol på 195 meter var desverre tørt. Madjiteck reduserte prisen litt på det boreholet. Grunnundersøkelser var tatt men allikavel fant me ikkje vatn å me å store folkemengdar vart svært skuffa.  Men me skal gjæra meir undersøkelser å prøva å hjelpa desse folka med eit borehol ein litt annar plass. Neste borehol var 120 meter å hær fant me friskt, findt vatn. Ca. 15 000 liter i timen, å det til stor begeistring.

Ei dama som heiter Lea som me har hjelpt i over 5 år med kreftbehandling fekk tilbakeslag av kreft å døde denne turen eg var på Haydom . Ho hadde 4 barn å var skilt. 3 av barna er vaksne å utflytta. Minstejenta er 10 år å heiter Upendo å er ein stor venn av meg . Eg lova å kjøra kista med Mercedes Unimogen til begravelsen ca. 3 timars kjøring fra Haydom å masse passasjerer sat også på lasteplanen den lange å humpete turen . Gravfølget sat på lasteplanen å sang fine sangar heile turen å enormt med folk var møtt fram til begravelsen når me kom til den litle landsbyen der Lea var fra. Dette var ein spesiell å sterk opplevelse eg aldrig vil gløyma. Spesielt sterkt å sjå 10 år gamle jenta Upendo stå på gravkanten å sjå mor si verta begravd. Upendo har ei vanskelig framtid. Me håpar ho skal få bu sjå ei søster som er jift å har 2 ungar på 6 å 3 år å bur i byen Singida 10 mil fra Haydom. Me er i full gang å skal jelpa Upendo med pengar til skulegang.

Nærbø   29.03.2011

Ingar  Kvia.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.