Me hadde ein gjild Haydomkveld på Tryggheim. Riktig nok var der litt mindre folk enn der har vore før, men folk koste seg å 2 timar gjekk fort. Team Nygård, som eg kaller dei, steikte å serverte lapper både når folk kom til Tryggheim å når det offisiella programmet slutta kl 9. Folk stoppa igjen på kaffi å lappar å drøsen gjekk lett. Vigdis å Åse kokte kaffi, Even å Ruben styrte teknikken, å me var eit findt lag.
Eg starta kvelden med å ønska velkommen. Så presenterte eg heila Team Nygård som eg kaller teamet som var med meg til Haydom i desember i 2008 der me ordna med vatn til Balangdalalu landsbyen, 4 små landsbyer, 6 skuler å Haydoms helsesenter i Balangdalalu.
Så tok Svein Birkeland å Lars Inge Nygård sin del med å vise bilder å fortalde fra turen.
Holger Kjølvik haldt andakt å var forsangar å spelte trekkspel til allsang.
Så hadde me besøk av sykepleiarane Loema å Marta fra Haydom.
Dei er 1 år på utveksling i Norge i regi av fredskorpset. Dei er mesteparten av tida på sykehuset i Kristiansand, men nå hadde dei vore 3 veker på sykehuset i Stavanger. Det er alltid gildt å ha gjester fra Haydom å Dr. Hans Espeland fra Grimstad, som bur på Nærbø med sin familie å som har vore doktar 2 perioder på Haydom, interjua sykepleiarane.
Så var det min del til slutt. Eg viste ca. 40 bilder å fortalde om alt arbeidet som pågår å alt arbeidet eg har på gang, både med ny 6 julsdreven Scanialastebil å ny 155 hk 4-hjulstrekt Massey Fergusontraktor fra Eiksenteret på Klepp. Dei skal leverast til Haydomsykehuset forhåpentlig i desember 2009. Ein stor julagave til ca. 2 å ein halv million kroner.
Så sang me ein sang, samla inn penger, å så sang me eit borvers til slutt. Guri Torsvik spelte piano til sangane. Ei Fantastisk kollekt vart det: 43 000 kr.
Takk til alle som deltok å Takk til Tryggheim v/Rektor Gjermund Viste som alltid seier eit stort JA når eg spør om å få arrangsjera Haydomkvelder på Tryggheim!
Ingar Kvia.