Nærbø 22.12.2008
Ja så er eg i Norge att for eit kort opphald på 1 veke. Kom heim søndag 21. desember og reiser att søndag 28. desembar i lag med gravemaskin & steinløingspesialist Kjell Pollestad fra Bryne, gardbrukar Tollef Gjedrem fra Bjerkreim, å dataspesialist Norleif Slettebø fra Bjerkreim.
Masse ting skal ordnast den korte tida eg er heime. Mandagen og tirsdagen går med til å få tak i reservedelar til traktorar, såmaskiner og lastebilkrane. Masse veksling av pengar til US dollar til mange private jelpeprosjekt som eg driver ved jelp av mine mange gode venner i Norge.
Teamet som var med til Tanzania for å jelpa Haydoms helsesenter i Balangdalalu med vann var svært vellukka. Me skal væra på radioen NRK Rogaland på julaftan, onsdag kl. 11, å verta interjuva om vannprosjektet.
Me skal også arrangsjera ein innformasjons- å innsamlings- kveld i Bryne mølle fredag 27. februar.
Sista veka i Tanzania vart der også mange jøremål. Starta mandagen med grundig vask av den flotte Toyota PicUp-en.
PickUp-en var ny i februar før eg leverte han på service på Toyota i Arusha.
Hadde lang tid sjå Massey Fergusonforhandlaren der eg fekk orden på masse ting som ikkje var i orden, faktiskt med pengar eg hadde tilgode sjå dei. Pengar eg fekk utbetalt i kontantar for å ta med heim til Norge å setja inn på innsamlingskontoen. Mykje servicearbeid på dei 3 nye Massey Ferguson traktorane var også uteståande. Me hadde gode samtalar. Det heile enda med att forhandlaren ordna godt opp og eg fekk med meg ein reperatør eg fekk bruka gratis så mykje eg ville på alle 5 traktorane.
Reperatøren hadde aldrig vore på Haydom før. Eg tok meg godt av han kjørte han rundt der alle traktorane var i arbeid. Fekk gjordt mykje godt arbeid. Reperatøren takka meg å eg han når han reiste fra Haydom ein stor opplevelse rikare.
Ellers så starta me maissåinga 18. desember. Hadde mykje skruing i maisplantaren fyrste dagen. Var på Haydom å kjøpte nye sykkelkjettingar til kjededrifta av såmaskinen. 19 desembar var maisplantaren i full form å me sådde enormt med mais.
Ellers så jekk det også for fullt på gravinga av 4 km. vannledning på Haydom. Me var nå inne i eit parti med mykje stein å hard graving å klarte ikkje meir enn 130 meter til dagen.
Eg har hatt kontakt med gravemaskinfolka på Haydom i dag å i dag nådde dei fram til vanntanken med vanngrøfta der foreløpig endestasjon er. Seinare skal der gravast 1 kilometer til fra tanken å ned til sykehuset der det er eksisterande røyr, men der må leggjast ein til.
Eg kjøpte også ein ny 3 skjærs diskplog til Haydom over telefon til Massey Ferguson i Arusha sist veke.
Plogen var sårt tiltrengt. Den kosta 27 000 kr, å eg har vore i Time Sparebank på Bryne å sendt pengar for plogen i dag. Plogen er allerede er i pløying på Haydom fordi Haydomlastebilen var i Arusha då eg ringde å bestillte plogen.
Eg har også sett over 51 000 kr. på ein konto til Haydomsykehuset i dag som skal brukast til å betala filter å reservedelar til alle mine 5 Massey Fergusontraktorar eg har jitt til Haydomsykehuset.
Helsing
Ingar Kvia